Vi har ledig stilling som rekneskapsførar ved vårt kontor i Leikanger.

Økonomiservice AS, saman med datterselskapet Vekstra Fredheim AS, er av dei større sjølvstendige rekneskapsførarselskapa i landet med kontor i Leikanger, Lærdal, Årdal, Sogndal og Vang.

Verksemda har i dag 27 tilsette og solid økonomi. Vi har eit spanande miljø med fokus på utvikling og vekst.

Føring av rekneskap samt rådgjeving for alle typar næringar er vår hovedvirksomhet, men vår bransje er i endring og vi ønsker å ligge i forkant med å tilby framtidsretta systemløysingar, tenester og rådgjeving for våre kunder. Vi nyttar rekneskapssystema Visma Businett og Duett med tilhøyrande nettbaserte program, saman med Visma Lønn, Finale Årsoppgjer og Avstemming samt Cantor Controller Rapportering, Power Office og Visma Dokumentsenter.

Vi har ledig stilling som:

Rekneskapsførar

ved vårt kontor i Leikanger

Vi søker etter deg som har erfaring med rekneskapsføring og har utdanning på høgskulenivå, primært innan økonomifag. Lang praksis og erfaring i yrket vil kunne kompensere for utdanning.

Du må ha gode datakunnskaper, og kjennskap til økonomisystem er ein fordel.

Vi jobbar i team slik at godt humør og evne til å samarbeide er viktige personlege eigenskapar.

Stillinga inneber rekneskapsføring, avstemming, lønnsbehandling, rapportering og fakturering for små og mellomstore verksemder.

Vi kan tilby ein spanande og utfordrande jobb i ei verksemd i framtidsretta utvikling, vekst, godt arbeidsmiljø og konkurransedyktige vilkår.

Løn etter avtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Før nærare opplysning om stillinga, ta kontakt med: Magnar Fredheim på tlf. 909 25 811 eller Tor Henning Mardal på telefon 971 46 433.

Søknad på stillinga saman med CV kan sendast på e-post til tor@oks-as.no innan 15.januar 2019.