Ny profil og satsing på rådgjevingstenester

av dagleg leiar Jostein Bugjerde

 

Rekneskapsbransjen er i rask endring og vi ser at teknologien gjer dei tradisjonelle tenestene enklare og meir automatiserte. 

Samtidig ser vi at samfunnet rundt oss og kvardagen hos kundane våre endrar seg tilsvarande. Dette stiller krav til oss som leverandør. Vi må tilby dei tenestene som gjer at de som kundar får utført arbeidet på ein mest muleg effektiv og rasjonell måte og samtidig ha tilgang til dei rådgjevingstenestene som er viktige i ei bedrift si daglege drift og utvikling.

Vi i Økonomiservice AS, med våre 25 dyktige tilsette, er mellom dei større sjølvstendige aktørane i denne bransjen. Vi starta for ei tid sidan eit utviklingsprosjekt der fokus og mål har vore å bygge opp kompetanse på rådgjeving innafor ulike fagområde vi ser som svært viktige og nyttige for næringslivet i regionen vår.

Samtidig satsar vi og på å fornye vår grafiske profil og nettsider for nettopp å kunne fokusere meir på rådgjevingstenester i vår kommunikasjon med deg som kunde.

Vi har valgt å satse på rådgjevingstenester innafor fire område:

  • Økonomistyring

  • Selskapsendringar

  • Leirarsupport og personalarbeide

  • Landbruk

På dei nye nettsidene våre kan du lese meir om innhaldet i dei ulike rådgjevingstenestene vi tilbyr og her finn du og ei oversikt over våre rådgjevarar med kontaktinformasjon og meir detaljert kva tenester vi kan hjelpe deg med.

 
 

Har du noko du gjerne vil drøfte med oss - ta kontakt med ein av våre rådgjevarar