Informasjon vedrørande korona-situasjonen

Mandag 16.mars blei partia på Stortinget enige om den økonomiske krisepakka.

Les full informasjon om alle tiltaka på Vekstra sine heimesider her.

Permitteringar:

  • Permitterte får full lønn i 20 dagar.

  • Sjølvstendig næringsdrivande og frilansere skal få ei midlertidig inntektssikring som tilsvarar 80 % av gjennomsnittsinntekt av dei siste tre åra, opp til 6G.

  • Kompensasjonen inntrer frå og med dag 17 etter at ein mistar inntekta. Forslaget vil tre i kraft umiddelbart, og utbetalingane skjer når NAV har har fått i gang ei teknisk løysing for ordningen.

Omsorgspengar:

  • Dei som er heime med born og som har nådd grensa for omsorgspengar eller som nærmar seg grensa, kjem til å få ei dobling av perioden med omsorgspengar, 20 dagar totalt for kvar av foreldrene.

Arbeidsgjevaravgift:

  • Arbeidsgjevaravgift som har forfall i dag skal betalast. Terminen som har forfall 15.mai blir utsatt.

Det er også komme fleire nye tiltak for bedrifter og bransjar. Blant anna vil innbetalinga av meirverdiavgift og forskotsskatten som har forfall i april, bli utsatt. Den låge momssatsen blir redusert frå 12% til 8 %.

Vekstra legg kontinuerlig ut all informasjon dei meiner er nødvendig, dette kan du lese her.