Endring i diettgodtgjersla

Skjermbilde 1.png

Frå 2018 blir det skatt og arbeidsgivaravgift på deler av diettgodtgjersla.

I 2017 har diettgodtgjersle vore skattefritt for arbeidstakarar, og arbeidsgjevaren har ikkje betalt arbeidsgjevaravgift av denne godtgjersla.

Tilsette som tek imot diettgodtgjersle etter staten sine satsar, må frå 2018 betale skatt på 150kr av godtgjersla - for kvart døgn. Det vil seie at arbeidstakar må betale skatt, og arbeidsgjevar betale arbeidsgjevaravgift av 150 kr av godtgjersla. Dei same reglane gjeld om ein bur på pensjonat eller privat.

Dei som får dekka faktiske utgifter etter rekning, vil fortsatt kunne motta dette skattefritt.

Kontakt oss for meir informasjon.

Høgare sjukepengdekning til sjølvstendig næringsdrivande

Frå 1.oktober 2017 auka sjukepengane frå 65% til 75% av sjukepengegrunnlaget.

Som sjølvstendig næringsdrivande har ein rett til sjukepeng frå 17. sjukefråværsdag, medan næringsdrivande som har teikna frivillig forsikring har rett frå 1. sjukedag. Auken gjeld både dei med og utan frivillig forsikring.

 

Ta kontantakt med eit av våre lokalkontor for meir informasjon.

peng.png

 

 

Les meir om sjukepeng til sjølvstendig næringsdrivande her.

Les meir om forsikring for sjølvstendig næringsdrivande her.

 

 

IPS - årets pensjonsnyheit

IPS - Individuell pensjonssparing. Nytt regelverk gjer pensjonssparing meir gunstig.

Kva er IPS:

Skjermbilde 1.png
  • Du kan spare i IPS frå du er 18 til 75 år
  • Du kan spare inntil 40 000 kr. årleg
  • Skattefordel på 24% av det årlege sparebeløpet (inntil 9600 kr)
  • Det er ingen formueskatt på sparebeløpet
  • Sparebeløpet blir beskatta som alminneleg inntekt ved uttak
  • Ingen formueskatt på avkastninga
  • Pengane er bundne til pensjon og kan takast ut frå fylte 62 år
  • Utbetalingstid minimum 10 år
  • Utbetalingane skal vare til du er 80 år
  • Du vel sjølv når du vil slutte å spare, eller om du vil justere beløpet undervegs

Ta kontakt med eit av våre lokalkontor for meir informasjon

Nye krav til kasseapparat

Alle nye kassesystem som blir kjøpt, leigd eller solgt etter 01.01.17 må vera i henhold til nye krav. Innan 01.01.19 må eksisterande system (kjøpt før 01.01.17)  bytast eller oppdaterast.

Skattedirektoratet har publisert ei oversikt over kva kassesystem som oppfyller dei nye krava. Det blir anbefalt at ein alltid sjekkar om systemet står oppført på denne lista før ein skaffar seg nytt kassasystem. Lista finn du her.

Ved innkjøp av nytt kasseapparat skal det ligge vedlagt produkterklæring som viser at systemet følg regelverket. Denne erklæringen skal oppbevarast saman med apparatet.

Formålet med det nye regelverket er bl.a. å redusere svart økonomi i kontantbransjane.

For meir informasjon angåande dei nye krava kontakt oss.

 

kasse.jpg